Foto Garbergselva: Roger Bakheim. Foto Magne Vågsland: Øyvind Skogmo Hansen

Omkamp om Garbergselva

Innleggsforfatteren mener at Selbu allerede har ofret nok for å produsere fornybar energi.

Publisert Sist oppdatert

Dette er et leserinnlegg, som kun gjenspeiler skribentens mening.

I Adressa 23. juli var det fin informasjon om Garbergselva. Der kjem det godt fram kvifor det ikkje må bli utbygging av vasskraft i denne siste store elva i Selbu. Der blir det og referert utsegn frå ordføraren. At ordførar Balstad har gått bort frå det han lova i valkampen i 2023 får nå vera hans sak. Men grunnen til at han har endra syn er ganske merkeleg. I artikkelen står det: «Han ønsker at krafta skal brukes lokalt og tror tilgang på kraft vil være en stor fordel for å tiltrekke seg ny industri og nye arbeidsplasser til Selbu.»

Selbu har jo meir enn nok lokal kraft. I kommunen blir det produsert ca 600 GWt, mens forbruket er litt over 70 GWt. Sjølv Selbu Energiverk med sine 4 kraftverk har ein normalproduksjon på 120 GWt. Sidan all elektrisitet finn kortaste vegen frå produksjon til forbruk, kan ein med stor sikkerheit sei at alt forbruk, både nåverande og nytt, vil vere produsert lokalt. Men sidan all produksjon er knytt til eit nett som heng i hop med resten av landet, kan det i teorien vere ein time i året der går meir kraft inn enn ut av kommunen.

Alt dette veit ordføraren, så då kan ein lure på om Clemens Kraft AS har gjeve andre lovnader om sal av kraft eller utbygging av kraftnett. Om det er slik, må informasjonen kome fram elles blir folk og kommunestyre ført bak lyset.

Kunnskap?

Ordføraren seier: – Verden forandrer seg, og skal vi henge med, må vi søke kunnskap. Men det er spådom og ikkje fakta han presenterer når han seier at Sverige ikkje vil eksportere kraft til Norge. Midt-Norge (NO3) er ein del av Norge, så sjølv om vi importerer frå Sverige, så eksporterer Norge ca. 11 gonger meir ut av landet. Med kablar og marknad er det slik at krafta flyt dit prisen er høgast. Dette fører til at Norge importerer frå Sverige og eksporterer til England og andre EU-land. Det er klart at det kan bli endringar kraftbalansen dersom det er fritt fram for energisluk som hydrogenproduksjon, datasenter og grønvasking av oljebransjen. Men kommunen kan trygt sjå bort frå at dette er «klimatiltak» som Selbu skal ta moralsk ansvar for. Uansett har Selbu ofra nok natur for å produsere fornybar energi.

Både i 2019 og 2023 var det nok kunnskap om Garbergselva til at utbygging vart stoppa. Denne kunnskapen har ikkje gått ut på dato. Kva kunnskap er det ordføraren håpar på når han seier at det er fornuftig å sei ja til utredning? Dette er jo ikkje noko anna enn omkamp!

La Garbergselva leve.

Les svaret fra ordførere Ole Morten Balstad her.

Powered by Labrador CMS