Magne Vågsland. Foto: Svein Hilmo

«Kunnskap og folkemeining»

Magne Vågsland svarer Per Jarle Hårstad.

Publisert

Sidan Per Jarle Hårstad har skrive ein kommentar til meg vil eg gjerne svare tilbake. Kanskje Hårstad og meiner at Selbu har ofra nok natur til energiproduksjon? Sant nok er det viktig at vi i demokratiske val kan velje folk til å styre. Men det er jo ikkje slik at alle vedtak blir basert på objektiv av kunnskap. Oftast er det vil slik at den kunnskapen vi tek omsyn til er styrt av subjektive verdiar. Så er det viktig å skilje mellom fakta og spådom. At vindkraftanlegg skaper sår i naturen som aldri vil gro, me vi vel kunne kalle fakta? Om kommunen vil få inntekt er ein spådom, særleg kor stor denne inntekta vil vere. Produksjonen frå vindkraft varierer med været og det er erfaringar frå andre kommunar der lite av lovnadane kjem inn i kommunekassa.

Så er det spådommen om at det kjem til å bli for lite kraft. Dersom det skal vere fritt fram å bygge datasenter for kryotovalutta, hydrogenproduksjon eller liknande sløseprosjekt så er det klart at både Noreg og Trøndelag kan få mangel på kraft. Her vil både prioritering og pris bli særs avgjerande for korleis framtida blir. Vi kan ikkje berre late som at vi har ei natur- og klimakrise. Nedbygging av natur er den viktigaste orsaka til at arter forsvinn. Noreg er ikkje noko unntak.

Kort sagt, kommunestyre i Selbu står i fare for å gjere vedtak som er meir tufta på spådommar enn på fakta. Sjølvsagt gjer våre folkevalde vedtak som er styrt av meiningar og magekjensle. Ingen bør klage på dei for det. Men når store naturverdiar, som ikkje berre tilhøyrer folk i Selbu, står i fare for å bli øydelagd vil det vere på sin plass å spørje folket. Når det gjeld val av kva verdiar som skal prioriterast, er vel alle like subjektive og kompetente?

Powered by Labrador CMS