Magne Vågsland. Foto: Svein Hilmo

«Demokrati og folkemeining i Selbu»

Magne Vågsland går i dette innlegget ut mot Selbus ordfører når det kommer til å få gjennomført en innbyggerundersøkelse.

Publisert Sist oppdatert

Dette er et leserinnlegg, som kun gjenspeiler skribentens mening.

Den 15.09. skriv Laila Aftret i Selbyggen at ho ønsker at folk i Selbu skal få sei si meining om utbygging av vindkraft i kommunen. Ho refererer til at i Heim kommune laga kommunen til folkemøte der ulike syn lagt fram. Etter det vart både innbyggarar og hytteeigarar invitert til å gje si meining om det skulle bli utbygging av vindkraft i kommunen. Resultatet var at 70 % bad om at slike planer vart stoppa.

Det er lett forståeleg at vindkraftutbygginga som vart presentert frå Fenix Repower vekker sterke reaksjonar. Her er det naturverdiar som skal bli ofra for økonomisk profitt, og Fenix gjev ikkje inntrykk av noko mål om å redde verden ut av klimakrisa. Det har allereie vore mykje diskusjon både om energibehov og naturtap, og ikkje minst om kor mykje Selbu har ofra til produksjon av energi. Eg trur dei fleste har eit godt grunnlag for å sei si meining. Dette er ikkje ordføraren einig i. Han er redd for at folk har for lite kunnskap. Det han vel er redd for er at dersom folk blir spurt utan å risikere og bli straffa med stygge kommentarar på FB eller i andre samanhengar, så blir resultatet eit anna enn det ordføraren og makta i Selbu ønsker. Ordføraren seier faktisk rett ut at undersøking av folkemeining er: ikke en god utøvelse av demokrati. Han er redd for at folk ikkje har den spesielle kunnskapen som må ligge i botn. Dette kan vanskeleg tolkast på anna vis enn at ordføraren er redd for at det skal bli eit fleirtal som kjem til ein annan konklusjon enn det han sjølv og makta i kommunen vil.

Ordføraren syns at folkeavstemming kvart andre år bør vere bra nok. Då får folk velje sine representantar med det dei står for. Sjølsagt er det flott at vi har eit slikt demokrati, men då er det viktig at ein kan stole på at representantane ikkje går bort frå det dei lovar før dei bli valde. I så måte har jo ordføraren i Selbu undergrave folkeavstemminga som var ved kommunevalet i 2023. Då lova han at Garbergelva skulle få vere i fred for planar om utbygging. Så går det mindre enn eit år og lovnaden har fordampa.

Dersom kommunestyret nå stiller seg positive til planane frå Fenix har dei gjeve bort litlefingeren. Kanskje kan dei seinare hindre at heile handa blir teken, men vi veit korleis ordtaket går.

Før kommunen gjer vedtak bør det bli gjennomført folkemøte på liknande vis som i Heim kommune. Etter det bør alle få høve til å gje uttrykk for si meining gjennom ei innbyggarundersøking.

Powered by Labrador CMS