Debatt

Fra utbyggingen av vindkraftverk i Stokkfjellet.

Min mening: Stokkfjellet, klima og natur

Publisert

I Selbyggen 8.1. er det ein lengre reportasje om vindindustrianlegget på Stokkfjellet. Vi vel konsekvent å ikkje kalle dette for park. I artikkelen står det at denne energien skal føre til betre klima. Det er det jo ingen som har greidd å føre noko bevis for.

I eit e-brev frå Hogne Hognset til Miljødirektør Ellen Hambro ble det spurt om « – – hvordan EUs

klimakvotesystem ETS, som Norge er tilknyttet, virker, og hvilken klimaeffekt økt eksport av fornybar energi fra Norge til EU vil ha.»

Hambro svarte slik, via en rådgiver: «Spørsmålet ditt kan ikke besvares enkelt og meg bekjent har ingen i eller utenfor Norge gjort grundige vurderinger av problemstillingene du reiser.»

Det finns altså ingen dokumentasjon på at vindkrafta frå Stokkfjellet vil føre til mindre utslepp av klimagassar. Det som er sikkert er at krafta frå Stokkfjellet er mindre rein enn den som er i Selbu og i nettet i Noreg frå før. Hadde alle utslepp av klimagassar ved produksjon av vindturbinar, vegbygging av oppgravne myrer vore med ville Stokkfjellet også kome negativt ut på det 4. kriteriet.

Så seier Flateby frå NVE at vindkraft blir bygd ut for at det er behov for auka fornybar energi. Rett nok eit politisk fleirtal for auka fornybar produksjon, men aldri eit dokumentert behov. Det er aldri dokumentert og det er heller ikkje gjort nokon grundig vurdering av når det eventuelt vil bli behov for utbygging av ny produksjon. Verken NVE si Ramme for vindkraft eller St-meldinga som vart lagt fram i 2020 har med nokon slik berekning. Tvert om er det slik at vindkrafta frå Stokkfjellet bare vil føre til at Noreg aukar eksporten i mange år framover.

Vi kan forstå at folk i Selbu syns det er fint at kommunen har fått nokre årsverk knytt til utbygginga. I tillegg vil 5 få arbeid med drift i fleire år, men dette vil ikkje vege opp for tapet av natur for all framtid. Når J O Kjøsnes svarar for Nei til vindkraft i Selbu, så viser det at dette kraftverket har vore kontroversielt lenge sjølv om det ikkje har vore store aksjonar. Naturvernforbundet i Trøndelag har protestert heilt sidan planane vart kjend.

Nå håpar vi NVE snart gjev eit endeleg avslag på konsesjonssøknaden for Eggafjellt/Åsfjellet. Det må bli slutt på at NVE lar den såkalla samfunnsnytta trumfe alle omsyn til natur og andre næringar som treng eit levande mangfald av arter og stillheit. Det vil vera bakvendt om NVE skulle tillate anlegg på Eggjafjellet/Åsfjellet, samtidig som Miljødirektoratet og NINA har konferanse om restaurering av natur for å starte Noregs bidrag til FNs tiår for naturrestaurering (2021-2030). Miljø- og Klimaminister Rotevatn opna konferansen 18.01,sa at regjeringa satsar på restaurering av natur, men kom med ei åtvaring: «Restaureringa som skjer i dag er ikkje i nærleiken av å vege opp for det tapet av natur som har pågått og framleis pågår.» Til slutt vil vi understreke at både forskarar og FN har understreka at tap av natur er like trugande for menneska som klimskrisa.

Powered by Labrador CMS